Sivilingeniør/ingeniør elektro - Sogn og Fjordane
Vil du vere med å forme elektroinstallasjonar for framtida?I Norconsult kan du få vere med på akkurat det. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vi kvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Elektromiljøet i Norconsult jobbar målretta med planlegging av smarte løysningar for bygg, samferdsel og industri.Norconsult har Norges desidert største fagmiljø innan rådgjeving og prosjektering av elektrotekniske anlegg med over 450 kompetente elektrorådgjevarar på landsbasis. Vi tilbyr komplette tenester innan elektrorådgjeving; frå moglegheitsstudiar og prosjektering til oppfølging under bygging. Våre medarbeidarar samarbeider på tvers av geografi og fagområde, slik at vi kan tilby lokal rådgiving med tilgang til brei nasjonal og internasjonal kompetanse.Vi ser etter deg som har nokre års erfaring frå bransjen og som ønskjer å vere med og byggje opp eit elektro-miljø i Sogn og Fjordane i tillegg til å vidareutvikle deg sjølv fagleg og dele av din kunnskap til andre medarbeidarar. Du vil få ei sentral rolle i eitt tverrfagleg rådgjevarmiljø, med høg fagleg kompetanse og samarbeid på tvers av våre kontor og regionar.Bli med å jobbe for ein meir berekraftig bygg og eigedomsbransje!Vi jobbar med både eksisterande og nye bygg med prosjektering og rådgjeving innan elektroteknikk, EKOM og automasjon i bygg, med fokus på berekraftige og energieffektive løysingar. Oppdraga varierer over eit breitt spekter av prosjekt innan mellom anna næringsbygg, undervisningsbygg, helse- og omsorgsbygg, hotell, idrettsanlegg og industri.Norconsult Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Flekke, Florø, Sogndal, Gaupne, Årdal, Lærdal, Sandane og på Nordfjordeid, med nærare 100 medarbeidarar totalt. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, VVS, elektro, landmåling, geoteknikk, industri/maskin, ingeniørgeologi, miljø, konstruksjon, brann, akustikk, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.Vi søkjer etter dyktig og erfaren sivilingeniør eller ingeniør med minst 3-5 års relevant erfaring innan elektro- og byggautomasjonsteknikk frå rådgjevar- eller entreprenørbransje. Fagbrev som elektromontør el.l i tillegg er eit pluss.Vi set pris på om du:Har erfaring med 3D-modellering og BIMArbeider effektivt og tek ansvar gjennom å vise initiativEr sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjarØnskjer å vere med på å skape eit godt arbeidsmiljøDine arbeidsoppgåver vil vere:Planlegging og prosjektering av elektro-installasjonar innan bygg og anleggModellering og varierte arbeidsoppgåver i ulike fasar av prosjekt.Utarbeiding av konkurransegrunnlag og kostnadsoverslagBruk av DAK/BIM-verktøy, visualiserings- og innsynsmodellarTverrfagleg koordineringOppdragsleiing og oppfølging på byggeplassKundeoppfølging, marknadsføring og sal/tilbodsarbeidKvalifikasjonar:Utdanning som sivilingeniør (M.Sc.) eller ingen...